Om

Kennel

Red Ludens

Belgisk fårehund Tervueren

 

Tone Søgaard

epost: tone@yho.no

tlf: +47-91553338

Om meg

Namnet mitt er Tone Søgaard og eg bur i Øystese ved Hardangerfjorden der eg deler hus med sambuar og to hundar. Øystese ligg vèl ein time med bil frå Bergen (her)

Arbeidslivet mitt går i hovudsak ut på å vera dagleg leiar for YHO.

og i tillegg er eg engasjert i fleire bedriftsstyre.

 

Interesse for korleis individ lærer er drivkrafta bak mykje av det eg brukar fritida mi til. Eg er utdanna trinn I instruktør i Norsk kennelklub (NKK) og har gått Canis si klikkertrenar- og instruktørutdanning. Eg er styreleiar i Kvam hundeklubb og i løpet av året held eg ulike kurs frå kvalp til brukshundarbeid.

 

Frå 1997 har eg delteke på mange kurs og treningsleirar og har trena tre hundar i lydnad, spor og rundering. Konkurransar har det vorte få av, dels grunna ytre omstende og dels skulda mine eigne "kalde føtter"

 

Interesse for hund og mentale eigenskapar starta då eg gjekk mentaltest med collie i 1997 og funksjonsanalyse tre år seinare med same hund. Eg er utdanna dommar for karaktertest og beskrivar for mentalbeskriving hund (MH). Les om MH her

 

Med tanke på eit eige oppdrett av tervueren har eg gått NKK sin oppdrettarskule del I og del II

Vegen mot oppdrett av tervueren

Eg hadde brukt mykje tid på å leita etter ein tervuerenkvalp før

V-Zefyr Jazz Jassir flytta inn i 2004 etter eit kullsamarbeid med Gro Marie Aakre. I juni 2008 henta eg Kogaråsens Twiggy "Jopplin" og etterkvart oppstod tankar om eit eige oppdrett. I samarbeid med to fòrvertar kjøpte eg i 2011 to kvalpar frå kennel Spinoys i Sverige. Ulike grunnar har medført at konkrete planar om oppdrett har vore utsett til no og den kombinasjonen du finn under KVALPAR vert dermed det fyrste kullet under Red Ludens.

 

Målsetting

Eg har eit ynskje om å avla fram rasetypiske hundar med fokus på mentale eigenskapar hjå foreldredyr og deira linjer. Særleg vektlegg eg at hundane er sosialt trygge, miljøsterke og avreagerer godt. Eg ynskjer hundar med god arbeidslyst og kapasitet og vil berre nytta friske individ i avl. Sjå rasestandard her

Det er sjølvsagt ikkje mogeleg å finna dei "perfekte" individa og linjene for alle kriterie samstundes. Ut i frå den informasjonen som er tilgjengeleg vil eg difor gjera dei prioriteringane som for meg er rette

 

Kvalp frå kennel Red Ludens

Kvalpar frå Red Ludens vil ha levd sine to fyrste månader i eit heimemiljø. I løpet av denne tida vil dei få møta born og vaksne samt andre hundar. Dei vil også verta tekne med på små turar i nærmiljøet og få trena litt på å vera i bur og køyra bil med meir. Når dei er sju veker vil det verta tatt ein kvalpetest av kullet.

Kvalpar frå kennelen vil verta registrerte i NKK, id-merka (chip), vaksinerte og ha fått dei ormekurane dei skal ha før levering. Dei vert leverte med helseattest og forsikring.

Eg kjem til å følgja opp kjøpar av kvalp med råd, rettleiing og tilbod om kurs og samlingar. Eg vil også tilretteleggja for MH når tida er inne.

 

Om deg

Tervueren er ein rase som treng å få trena både kropp og hjerne.

Dei lærer svært fort, både ting ein ynskjer og eigne "unotar". Eg tenkjer at du ikkje treng å ha eigd eller ha trena hund før, det som gjeld er at du har vilje til å delta på kurs, spørja om råd, og læra. Lengst kjem ein ved å bruka metodar for læring som byggjer på samspel, samarbeid og belønning. I tillegg til kurs og aktivisering må du rekna med å bruka tid på miljøtrening og sosialisering. Dersom du er innstilt på å bruka den tida som skal til legg du eit godt grunnlag for eit triveleg hundehald med ein "kamerat"som alltid stiller opp til aktivitet.

 

Dei eigenskapane eg vektlegg ved val av avlsdyr skal bidra til at kvalpar frå Red Ludens vil vera godt eigna til ulike hundesportar som til dømes lydnad, agility, spor, rundering og andre søksoppgåver. Eg vert glad om du ynskjer hund til noko av dette eller liknande.

 

Eg ynskjer av deg at du held hunden som ein del av familien og at du held den forsikra. Du må vera innstilt på å syta for at hunden vert HD/AD røntga og går ein MH når tida er inne for det.

 

Om dette passar for deg, og du vil vita meir om avlsdyr og planar eg har, er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt.

Copyright © All Rights Reserved.