Kvalpar

Tone Søgaard

epost: tone@yho.no

tlf: +47-91553338

Kennel

Red Ludens

Belgisk fårehund Tervueren

 

Kull - 29.november 2015

 

under: KORAD BH Spinoys Larissa

etter: FI KVA FI TVA FI AVA-H FI AVA Off Line's First One

(innavlsgrad: 0 % - 6 generasjonar)

Informasjon om Larissa finn du på hennar eiga side her

Kennel Off Line

 

First One - Rosso

 

HD/ED: A/A, 0/0

 

Eyes: OK

 

Teeth: OK

 

Results: BH, FI KVA ,HK3,EK2, FI

TVA, FI AVA,FI AVA-H,

VEPE avo1 ,show:res.sert,

Agi rm 2014

 

Other: back ok

(3/14,spondy0,LTV0),

OD ok, knees ok,

LT +142

Off Line`s First One, ROSSO, er finsk champion i agility, hopp, lydnad og rundering. Rosso har delteke i finske meisterskap og i FMBB (lydnad/ag). Han har gått ferdselsprøve, har finsk mentaltest, har konkurrert i vannredning og har res.cert frå utstilling.

 

Rosso kjem frå eit kull med 9 kvalpar (innavlprosent: 0) og har 11 avkom ved kennel Off Line i Finland. Alle er friske og utan defektar på hofter/albogar. Ryggar og kne er røntga på dei fleste og fleire er augelyste utan negative funn.

Dette seier Maria om Rosso:

"Rosso er ein svært sosial hannhund. Han er ikkje kranglete med andre hundar. Han er miljøsterk og dermed lett å ha med seg, og er i stand til å trena overalt. Rosso har stor arbeidsvilje med god driv og konsentrasjon. Han har eigenvilje men er førarfokusert i arbeid, og er lett å motivera og belønna med alt frå leiker til mat og glad førar.

Rosso er min fyrste treningshund men me har konkurrert nokså mykje i fleire ulike greiner. I agility er Rosso rask og mjuk med gode rørsler samstundes som han har full kontroll. Me har trena med det finske landslaget i lydnad i to år men då andre hundesportar vart prioriterte er lydnad midlertidig lagt på is. Rosso er finsk brukschampion i rundering og i søket arbeider han med høg motivasjon og gir aldri opp. Det er i denne sporten at eigenviljen til Rosso har medført nokre utfordringar. Rosso har alltid hatt god helse og all mat går ned utan problem. Han er godt pelsa og dette gjer at han kan slita med varmen om sommaren."

Interessert i kvalp? Sjå Om

Copyright © All Rights Reserved.