Larissa

Kennel

Red Ludens

Belgisk fårehund Tervueren

 

Korad BH Spinoys Larissa

født 16.mai 2011 HD:A AD:A innavlsgrad: 1,6% (6 gen.)

Larissa er ein avbalansert, sosial og glad hund. Ho har gjennomført MH og er korad med 464 poeng. Larissa har bestått ferdselsprøven (57 av 60 p-lydnadsdelen), har betått prøve i uthaldenheit og ho trenar agility, lydnad, rundering og spor saman med Ann Kristin. I 2013 vart ho beste belgar i spor klasse D og nummer fem i lp 1. Larissa konkurrerer i lp klasse 2 og i 2014 vart ho 5. beste belgar i klasse C spor. Larissa har ck frå utstilling som beste resultat.

 

Ann Kristin held kvalpe- og unghundkurs i tillegg til kurs i agility og under kursa er Larissa ein ivrig "visehund". Larissa er sambuar med ei lita chihuahuatispe, ein katt og ho har høner i hagen. Ho går ivrig inn for oppgåva som gjetar for hønene og i 2013 fekk Larissa også ein gutebaby i huset som må passast på.

Larissa sine testar og prøvar finn du

her

Stamtavle Spinoys Larissa reg.nr. SE 39091/2011

her

Larissa kjem frå kennel Spinoys sitt L-kull der dei var fem kvalpar. Ei kullsyster har diagnosen pannus og hd grad c/d og Fanta har ei godarta cyste i poten. Elles er Larissa med kullsøsken friske og er eitt mentalt stabilt kull.

Lenkje til kennel Spinoys sitt L-kull er

her

Copyright © All Rights Reserved.